MKU250 - emnerapport 2010 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Emnet var planlagt med ein kombinasjon av forelesingar (5 dbt), skrive- og idéseminar (1dbt) og prosjektseminar for presentasjon av skisser og meir ferdige utkast til bacheloroppgåva (3 dbt), samt individuell rettleiing. I tillegg skal studentane kommentera kvarandres skisser og oppgåveutkast. Opplegget blei noe endra då det viste seg at av fem studentar var berre tre til stades i Bergen, dei andre to var i det meste av semesteret i Midtausten. Talet på forelesingar blei då redusert til 1 dbt., og talet på prosjektseminar blei redusert til 2 dbt. Rettleiing av dei to studentane i høvesvis Sudan og Libanon føregjekk stort sett via epost.

Strykprosent og frafall

Ingen stryk og ikkje noe fråfall.

Karakterfordeling

Ein A og fire B.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studieinformasjonen er god med utdeling av semesterplan og rettleiing for emnet på orienteringsmøte, også tilgjengeleg på Mi side, og jamnleg oppdatering på Mi side.

Tilgang til relevant litteratur

Studentane legg opp pensum i tilknytting til bacheloroppgåva i samråd med tildelt fagleg rettleiar. Universitetsbiblioteket er viktigaste leverandør av litteratur i studiet. Dette fungerer stort sett fint.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Seminara: Seminarrom D i Studentsenteret, fungerer ok for små grupper, for tett (dårleg luft) for større grupper. Forelesing: Undervisningsrom 208/209 i Sydnesplass 12-13, fungerer fint.

Andre forhold

Ingen merknader.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Ingen særskilt evaluering.

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Opplegget med kombinasjon av forelesingar, seminar og individuell rettleiing fungerer godt, men som erfaringa dei siste to semestra (vår 2009 og vår 2010 med relativt få studentar) viser er det nødvendig å ha ei fleksibel haldning til planlagte undervisnigsopplegg.