INFOMEVI300 - emnerapport 2010 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Kurset var i hovudsak lagt nokså likt opp som forrige semester,  med ein del felles forelesingar mellom medievitskap- og informasjonsvit.-studentane, og nokre forelesingar som berre var for ei av gruppene.  Seminardelen av kurset (der studentane kommenterte kvarandres skisser) var også separat for dei to studentgruppene. I høve tidligare semester vart det imidlertid gjort to hovudendringar: For det fyrste fekk studentane ei ekstra innlevering - tre veker etter kursstart (ein kort “prosjektomtale” på 200 ord), som måtte vere godkjend av ein mogleg rettleiar i staben. Dette var eit direkte svar på to hovudproblem ved tidlegare organisering av dette kurset: For det fyrste, at fleire studentar var seine med å finne eit tema og å avgrense prosjektet, for det andre at mange ikkje hadde kontakt med nokon i fagstaben i løpet av kurset, noko som er uheldig med tanke på prosjektutforminga. Sjølv om dette opplevdest av nokre studentar som hektisk (jfr. studentevalueringa) er vår vurdering at dette var eit svært vellukka grep. I høve tidlegare semester var skisseprogresjonen klart betre. Dei fleste fekk korte, men gode og viktige innspel til sine prosjekt hos fagstaben på eit tidleg tidspunkt, noko som klart bidro til å drive prosjektet deira framover utan at staben har signalisert at dette opplevdes som ei belastning. Eit anna grep som vart gjort var å gje ei klarare spesifiering av omfangskrava til prosjektskissene (frå sider til antall ord), som og vi synest bidro positivt til å gje fyldigare prosjektskisser. 
Elles var det ein del avlysingar og flyttingar av forelesingar i kurset, men dette ordna seg greit med god hjelp frå Elin/Liv, og studentane har ikkje nemnd dette som eit problem i si evaluering. Elles har gjennomføringa gått veldig greitt.

Strykprosent og frafall

14 medievitskapsstudentar fylgde kurset frå starten. 3 trakk seg i løpet av semesteret, alle med grunngjeving at dei heller ville ta dette til hausten, då dette passa betre deira studiesituasjon (ein av desse hadde i tillegg problem med å oppnå tilstrekkeleg oppmøte pga. ho kom seint med i kurset, dei andre to fylgde deler av løpet og leverte fleire skisseutkast). Av dei øvrige 11 var det ingen som hadde problem med å få godkjend obligatorisk oppmøte, og alle fekk godkjend sine skisser.

13 informasjonsvitskapsstudentar fylgde kurset frå starten. Alle kom seg gjennom kurset. Ein student fekk ei åtvaring om at han var på grensa når det gjeld oppmøteplikta. Studenten møtte på den resterande undervisninga. Ein student fikk heller ikkje godkjent den siste prosjektskissa, men fekk godkjent etter ei ekstra runde saman med rettleiaren. Så alle endte opp med å få godkjent kurset.

Karakterfordeling



Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Eg har ingenting å utsette på korkje lokale, undervisningsutstyr eller andre tilhøve - dette har fungert greitt.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Eit vanleg problem med slike evalueringar er jo at få svarer (her: 4 studentar). Om det då er urimeleg å behandle svara som representative, er det likevel rimeleg å tolke den låge svarprosenten som utsegn for at studentane ikkje har svært sterke meiningar om kurset (mao: svært negative ting burde verte fanga opp, gjeve mogligheita til å formidle dette).  Eit problem er imidleritid at svara ikkje kan fordelast etter hovedstudium (medievitskap/infovitskap) då variabelen manglar: dette ville vore til betre hjelp til å tolke og lære av deira svar (td. når ein seier at nokon av forelesingane følest lite relevante for dei, utan å spesifisere nærare).  Av dei fire som har svart kan ein merke seg fylgjande hovudtrekk:
-	alle 4 er nøgd med informasjonen dei har fått om studiet, både før og ved studiestart (sp3) samt i løpet av semesteret (sp5)
-	alle 4 har vore innom Studentportalen og Mi Side fleire gonger i veka. (sp7).  3 seier bruken av Mi Side har fungert “Godt”, 1 “Rimelig bra”. (spm 14).
-	2 vurderer forelesingane som gode, 2 som rimeleg bra (sp 8) . I utdjupinga av svara (sp 9) er det dels generelle positive merknadar, men ein student seier nokre forelesingar var lite relevante for deira oppgåver. Ein informasjonsvit. student kommenterer også at flesteparten av forelesingane er lite relevante for informasjonsvitskap.
-	1 seier pensum er bra, 2 antyder at noko av pensumlitteraturen var mindre relevant for deira spesifikke prosjekt.
-	Ang. oppstartsfasa (spm 12-13) seier fleire at det var noko stressande å måtte velje tema så tidleg, samtidig som fleire og påpeiker at dei synest dette bidro til at dei kom raskt i gang og difor fungerte positivt. Ein student etterlyser informasjon om at ein må velje tema tidleg i kurset i god tid før kursstart.
-	studentane verkar nøgd med tilgangen til lesesalar og PC-arbeidsplassar (sp 15) og dei generelle studietilhøva (sp 16). Ein etterlyser betre stolar på lesesalsplassane.
-	Av oppsummerande kommentarar (sp 17) er i hovudsak positive. Ein kritiserer obligatorisk oppmøte som eit stressmoment, ein annan at kurset til tider krev for mykje helgearbeid.
Merknadar frå faglærar:  Tilbakemeldingane av studentane i evalueringa oppfattast som i hovudsak positive. Nokre av dei negative merknadane (obligatorisk oppmøte, hektisk startfase) er ting vi meinar er viktige for å få kurset til å fungere, og har ikkje inntrykk av at dette er noko flesteparten av kursdeltakarane opplever som problematisk. Når det gjeld kritikken frå nokre om at noko av litteraturen og forelesingane følest lite relevante for deira prosjekt, så opplever vi nok at mange studentar er nokså smalt fokusert mot deira eigne prosjekt (som iallefall tematisk ofte er nokså klare ved semesterstart, og få studentar endrar hovudfokus i løpet av kurset), men at vi meiner det er viktig at kurset òg har ein generell opplæringsdel (m.a. orientering om ulike forskingsmetodar, om skriveprosessen mm.) der deltakarane vert eksponert for tema og metodar som også ikkje umiddelbart dei ser nytteverdien av i sine prosjekt - nettopp fordi kurset skal bidra til å auke deira kunnskap og kompetanse til å avgrense prosjektet fornuftig og velje eigna (og nye) metodar.


Andre kommentarar:
Ein student meinte at det hadde vore betre å få veiledning av veiledar direkte enn av fagansvarleg for INFOMEVI300. Det er sikkert rett, og studenten har jo heile tida høve til å ta kontakt med veiledar. Samstundes fikk og gode tilbakemeldingar på dette tilbodet, spesielt i starten av kurset då dei fleste nok er usikre på korleis dei skal gripe studiet fatt.

Oppsummering av innspill



Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Vi planlegg bruke hovudsakleg samme mal for opplegget i haustsemesteret, med nokre endringar. For det fyrste er ein måndag i kurset (i tråd med undervisningsutvalets ynskjer) avsett for møte mellom studentar og fagansvarlege på dei ulike bachelorprogramma. Spesielt for studentar på TV-faget er nok dette ein god ting, då dei ofte har ynskje om å skrive masteroppgåver basert på eigen film/manusproduksjon og treng innspel om korleis dette kan gjerast (i tidlegare semester har vi ordna slike møter med Leif Ove utanom programmet). For det andre: i tidlegare semester har det vore vanleg at ein har invitert ein 4-5 av fagstaben til å halde korte (1t) forelesingar om sine eigne pågåande prosjekt, for å vise bestemte metodiske tilnærmingar i praksis til inspirasjon for deira eigne prosjekt (td. Peter Larsen om bildeanalyse, Jens Kjeldsen om retorisk analyser av politisk reklame, Helge Østby med utgangspunkt i sine kvantitative innhaldsanalyser etc). Dette har fungert godt, men avdi temaet og forelesarar for desse “småforelesingane” tidlegare har vore fastsette før kursstart - m.a.o. før vi veit tematikken/metodene studentane ynskjer arbeide med - så har vi opplevd at nokre forelesingar var aktuelle for få/ingen studentar sine prosjekt. Til hausten har vi i staden sett opp to opne måndagar for slike forelesingar (med plass til fire-seks enkelttimar) utan på førehand fastsette tema, der vi på basis av studentane sine innleverte prosjektomtalar vil invitere folk i staben (ev. ta forelesingar sjølv) innan tema som kan vere relevante for flest mogleg av studentane sine prosjekt.
Etter samtalar med Tone Kolbjørnsen (som og har drøfta dette med Peter L. og Leif Ove), som har vorte oppfordra av underteikna til å kome med innspel til den humanistiske profilen til kurset, vert det elles vorte lagt inn ei ny forelesing om tekst/humanvitskaplege forskingsmetodar med utgangspunkt i ein del hermeneutiske orginaltekster (Ricoueur, Gadamer, Dilthey mm.) som ny pensumlitteratur for medievitskapsstudentane, samstundes som den totale metodedelen av pensumet og den generelle litteraturen om oppgåveskriving/prosjektutforming er noko nedkorta. Vi vil truleg og gjere nokre fleire endringar i same retning for vårsemesteret.


Ein informasjonsvitar oppfatta kurset som dreia mot medievitskap. For å gjere studiet meir retta mot informasjonsvitarane sine behov vil vi i framtida inkludere pensum og undervisning knytt til case-studier.
Det er og for informasjonsvitskap aktuelt å halde ope to forelesingsdagar for spesifikke tema som omfattar dei fleste av studentane. Dette tilbodet er avhengig av at vi har mange nok studentar. For informasjonsvitskap sin del er det ikkje venta mange studentar i haustsemesteret så det er mogleg dette må vente til våren 2011.