MOL200 - emnerapport 2005 høst
Faglærers vurdering av gjennomføring
Praktisk gjennomføring
Undervisinga vart gjennomført som forelesingar og kollokvier. Emnet omfattar ei obligatorisk semesteroppgåve. STudentane skal ha ein presentasjon av semesteroppgåva for å få denne godkjent.
Strykprosent og frafall
Antall meldt: 54
Antall møtt til eksamen: 46
Antall bestått: 36
Stryk: 22 %
Karakterfordeling
A: 1
B: 9
C: 13
D: 9
E: 4
Snittkarakter: C
Studieinformasjon og dokumentasjon
Bruk av Mi Side til forelesingsnotat og meldingar til studentane.
Tilgang til relevant litteratur
Faglærers vurdering av rammevilkårene
Lokaler og undervisningsutstyr
Andre forhold
Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)
Metode - gjennomføring
Det kom inn 21 svar på evalueringa som vart gjennomført på forelesing. Dette gjer ein svarprosent på 38,9.
Oppsummering av innspill
Av dei som svara hadde 81% studert i 3 semester, noko som stemmer med studieplanen for bachelor i molekylærbiologi. Alle hadde eksamen i generell biokjemi/innføring i molekylærbiologi (MOL100 eller tilsvarande), og alle meinte at denne forkunnskapen var naudsynte for MOL200 (frå middel til i høg grad). 9,5 % oppgjer at dei har sakna forkunnskap. Studentane tykte generelt at det var godt samsvar mellom emnet sitt innhald og skildringa i studiehandboka, men at omfanget av emnet var stor ift antal studiepoeng.
Dei fleste oppgjer at dei følgjer forelesingane, men dette må ein sjå i lys av at evalueringa vart gjennomført på forelesing. Studentane meiner generelt at stoffmengda på forelesingane er for stor, men at forelesingane er godt strukturerte. Få førebur seg aldri til forelesingane, og enno færre førebur seg alltid - dei fleste ligg midt mellom aldri og alltid. Alle oppgjer at kontakten med lærarane er god (middels til svært god).
Oppfatningane om kor nyttig semesteroppgåva var varierte mykje, sjølv om fleirtalet tippa mot nyttig. Kommentarar om semesteroppgåvene gjekk på at oppgåva ikkje var pensumrelatert nok, og at arbeidsmengda varierte mellom dei ulike oppgåvene.
Dei fleste som oppgjer at dei går ofte på kollokviene, tykkjer dei er nyttige. Dei som sjeldan/aldri går på kollokviene oppgjer ulike grunnar til dette, og det verkar ikkje som om det er misnøye med kollokviene som er årsaka.
Ev. underveistiltak
Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak