KJEM231 - emnerapport 2005 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Alle praktiske sider ved kurset fungerte i hovudsak godt. For nokre av studentane som tok KJEM232 saman med dette kurset, blei perioden med prosjektarbeid vel hektisk (sjølv om opplegget var kjent ved semesterstart og nokre ting kunne ha vore betre koordinert frå nokre studentar si side). ”Mi side” fungerte storveges i kommunikasjonen med studentane.

Strykprosent og frafall

Det var ikkje fråfall undervegs, men for ein (opphavleg utlending) var det nære på fordi vedkommande ikkje brukte ”Mi side” skikkeleg og forstod kva som låg i kravet om obligatorisk innlevering. Då eg fekk tak i ho etter ei tid, retta dette på seg. 

Berre ein av 15 strauk (6.7%), men ein annan var nære på.

Karakterfordeling

Ingen merknader

Studieinformasjon og dokumentasjon

Eg merka ikkje at studentane mangla noko informasjon som dei skulle få på førehand. Undervegs blei dei informerte gjennom ”Mi side”, som synte seg å vera svært velegna for formålet. Undervisningsplanen som blei presentert i byrjinga av semesteret, blei følgt så godt som utan endringar. Den viktigaste endringa var at det blei gitt tilbod om ekstratimar med oppgåveløysing dei siste 3 vekene før eksamen. Dette fekk alle med seg, men alle timane passa (sjølvsagt) ikkje for alle studentane.

Tilgang til relevant litteratur

Studentane fekk i hovudsak tak i den litteraturen dei trengte i tide. Sidan talet på studentar auka meir enn eg hadde tenkt, var for få bøker tilgjengelege på Studia ved kursstart. Dei som mangla læreboka, fekk låna til Studia fekk inn ny ladning, noko som gjekk rimeleg raskt.

Under arbeidet med prosjektoppgåvene hadde studentane behov for ein del litteratur. Alle gruppene fekk låna basislitteraturen dei trengte av meg, og resten fekk dei tak i på biblioteket, som eg orienterte dei om og viste dei rundt i. Vidare fekk studentane god hjelp av tilsette på biblioteket når dei trengte det.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Det oppgraderte undervisningsrommet var fullgodt for mitt formål. At det stundom mangla kritt og peikestokk på rommet og at svampen etter kvart minka i storleik, er vel noko ein må leva med. 

Andre forhold

Timeplanlegginga fungerte godt. Det var ingen kollisjonar, og då eg skulle ha nokre ekstratimar på slutten av semesteret, var systemet til god hjelp for å få desse på plass. Undervegs dukka det sjølvsagt opp spørsmål og små utfordringar som kravde svar og praktiske løysingar. Då var tilsette i administrasjonen på instituttet (NBJ og KT) alltid klare til å hjelpa, noko dei gjorde på ein framifrå måte.

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evaluering blei gjennomført heilt mot slutten av semesteret (veke 47/48), som ei spørjeundersøking med 35 spørsmål stilte gjennom Refleks. Studiekonsulenten på instituttet stod for det heile på ein knirkefri måte. Før evalueringsdokumentet blei sendt ut, fekk eg høve til å gå gjennom spørsmåla og foreslå tillegg og endringar, noko eg nytta meg av. Resultata av evalueringa kom midt i desember, og påminning om denne rapporten kom i god tid før innleveringsfristen. Administrer-inga av evalueringsprosessen har difor vore god.

Ti av 15 studentar deltok i evalueringa. Eg skulle gjerne ha hatt svar frå alle, og eg vil difor søkja om å få deltaking i evalueringa inn som eit krav for å få gå opp til eksamen.

I tillegg til spørjeundersøkinga, prøvde eg fleire gonger å få tilbakemelding frå studentane om opplegget, innhaldet og gjennomføringa. Det gav lite utbyte, men då eg såg at det var behov for meir trening i fagleg argumentasjon og problemløysing og spurde om dei var interesserte i det, var responsen klår og positiv. Ekstratimar med oppgåveløysing blei difor gjennomførte.

Oppsummering av innspill

Etter mitt syn inneheld studentevalueringane fleire verdfulle synspunkt og innspel. Etter mitt syn er følgjande dei viktigaste.

Dei fleste meiner at det er nok førelesningar, men halvparten vil ha fleire timar i byrjinga av semesteret. Ein konsekvens av det vil vera at det blir fleire timar med oppgåveløysing mot slutten av semesteret. Det trur eg vil vera ein føremon; m.a. vil det gi meir tid til å arbeida med stoffet i eit vidare perspektiv og (vonaleg) meir kunnskap inne når oppgåveløysinga tek til.

Svara på fleire spørsmål og kommentarar viser klårt at ein god del synest det er mykje stoff som skal lærast og at ein del av dette stoffet blir gått for fort igjennom på førelesningane. Det var også mitt inntrykk av samtalar med studentane. Etter mitt syn kjem dette av for svak forståing av stoffet i KJEM130 Organisk kjemi, som dette kurset byggjer på, med det resultat at ein god del må repeterast undervegs. Dette tek tid (noko tida som har gått med på å løysa innleveringsoppgåvene syner og også vurderinga av kor mange studiepoeng kurset burde ha gitt). Eg ser difor behov for betre samanheng mellom dette kurset og KJEM130. Dette vil bli det bli fokusert på neste gong kurset går.

Innleveringsoppgåvene (totalt 10 sett) har vore lærerike og nyttige. Dette er også mitt klåre inntrykk. Men ein observasjon bør få følgjer. Det er obligatorisk krav om innlevering av fire oppgåver for å få gå opp til eksamen. Denne gongen var det seks sett før midtsemesterprøva og fire etter. Ein student hadde ikkje levert eit einaste sett før midtsemesterprøva, men vedkommande kunne oppfylla kravet etter prøva (det gjorde ho) og måtte difor få avleggja midtsemesterprøva. Dette heng ikkje på greip, og eg har difor bede om å kunna krevja at minst to av dei fire obligatoriske oppgåvesetta blir leverte før midtsemesterprøva.

Prosjektoppgåva var lærerik, og den munnlege presentasjonen av oppgåva var nyttig, men arbeidet tok for mykje tid og det burde ha vore meir rettleiing i kva som var forventa. Kommentarane om arbeidsmengde og forventningane er eg ikkje samd i. Dei fleste brukte < 30-35 timar medan forventa tidsbruk er 27 timar. Dessutan blei dei fleste oppgåvene for omfangsrike, noko nokre få unngjekk ved å nytta den ekstra tida som var avsett til samtale og diskusjon undervegs. Elles synte det seg at relativt mange ikkje hadde noko klår forståing av korleis ein skal gjengi andre sin tekst i eigne oppgåver. Her ser det ut til å vera behov for å laga eit lite hefte som kan opplysa om ulike sider ved dette problemet.

Dei fleste meiner at læreboka er god/svært god. Slik har det vore i mange år, og difor har boks overlevd som pensumsbok. Eg vil likevel vurdera om det fins ei litt mindre omfangsrik bok som kan nyttast neste gong kurset går.

Ev. underveistiltak

Eit tiltak og ein modifikasjon blei sette ut i livet undervegs. Modifikasjonen var at deler av stoffet i KJEM130 blei repetert undervegs (når blikket frå studentane indikerte at slikt behov var til stades), noko som var naudsynleg for dei fleste. Tiltaket var at det blei gjennomført ekstra oppgåveløysing dei siste tre vekene før eksamen (oppgåvene blei presenterte ved starten av kvar økt og så drøfta og løyst i fellesskap). Dette blei godt motteke og var utan tvil utbytterikt.

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Samla sett ser eg på kurset som bra og rimeleg vellukka, og eksamensresultata tyder på at læringsutbytet har vore jamt godt. 

Men på bakgrunn av diskusjonen over er det behov for å ta nokre grep nest gong kurset går (hausten 2006). Sidan det er eg som skal ha kurset då også, kan tiltaka konkretiserast som følgjer.
1) Ved starten av kurset vil resultata av denne evalueringa bli presenterte slik at kurset blir prega av ei bevisst haldning til læringsmiljø og læringsutbyte.  
2) Det vil bli fleire førelesningar i starten og meir oppgåveløysing mot slutten.
3) Som ekstra tilbod vil eg halda nokre repetisjonsførelesningar om stoff i KJEM130 slik at det kan bli mindre oppstykking undervegs.
4) Eg vil prøva å auka spørjelysta og spørjeevna til studentane, m.a. ved å få dei til å bli flinkare til å nytte konferansetimane som eg hadde heile semesteret. Det vil eg gjera ved å gi dei oppgåver som berre vil bli gjennomgåtte ved diskusjon i konferansetimane.
5) Etter nøye vurdering har eg kome til at arbeidet med prosjektoppgåvene vil bli gjennomført etter same lest i 2006 som i 2005. I tillegg til den presentasjonen som eg vil gi om prosjektarbeid og dei konkrete oppgåvene, vil studentane få utdelt eit hefte om ulike sider ved slikt arbeid; dette heftet vil eg skriva dette semesteret. 

Med desse tiltaka meiner eg at kurset neste gong vil bli betre.