Det praktiske kring gjennomføringa av undervisninga våren 2005 blei gjennomført utan større problem.
Totalt var det 232 eksamensmeldingar ved Geofysisk institutt våren 2005. Desse fordeler seg til 132 til emne med kode GEOF 1XY, 56 til emne med kode GEOF 2XY og 44 til emne med kode GEOF 3XY. 180 møtte til eksamen og 167 bestod eksamen. (I tillegg blei det arrangert 4 eksamenar i spesialepensum). Totalt var det 9 studentar som tok hovudfags- og mastergradseksamen våren 2005 ved Geofysisk institutt; Kandidatane fordelte seg slik innan dei ulike fagretningane: Meteorologi: 7 Kjemisk oseanografi: 0 Fysisk oseanografi: 2 Klima: 0
Av dei som bestod eksamen, blei karakterfordelinga 28 Aar, 55 Bar, 32 Car, 10 Dar og 9 Ear (totalt for både lågare- og høgaregrads emne). I tillegg var det 32 kandidatar som fekk karakteren Bestått. Av dei som tok hovudfag- og mastereksamen, blei karakterfordelinga slik: 3 A'ar, 4 B'ar og 2 C'ar.
Undervisninga ved GFI er stort sett lite ressurskrevande. Gjennomføringa av dei fleste emna krev berre forelesar, rom og standarduststyr. Likevel inneheld eit fåtal av emna lab-undervisning, undervisningstokt og feltopplæring i meteorologi. Lab.undervisninga lider av at vi har gamalt og utrangert utstyr. Dersom det ikkje blir gjort nyinnvesteringar her snarast, er det ein reell fare for at vi snart må avvikle dette tilbodet. Den noverande bemanninga er redusert pga sjukdom og avgang. Dette har ført til litt for stor belastning på delar av den vitskaplege staben - sjølv med innleigde krefter. Med dei planlagde nytilsettingane komande semester blir bemanningssituasjonen ok for vår emneportefølje.
Våren 2005 blei det gjennomført skriftleg undervisningsevalueringar i emna GEOF 110, GEOF 120, GEOF 130, GEOF 211, GEOF 212, GEOF 231 og GEOF 301. Eit eige undervisningsevalueringsskjema blei delt ut på stort sett siste forelesing i kvar av emna.
Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi: Basert på tilbakemeldingane vi fekk og dei avlagde eksamensresultata, kan vi trygt seie at undervisninga V05 har fungert tilfredstillande. Sett frå GFI si side er det kanskje justeringar av undervisningsopplegg og midtvegsevaluering samt emnebeskrivelse etter at kvalitetsreforma blei implementert som har prega våre utfordringar mest. Det ser no ut som om dei aller fleste emna har innhald og form som kan brukast i dei komande semestera. Dei emna som bør sjåast nærare på i høve til studentevalueringane er GEOF 110, 120 og 130. Det er pensumlitteraturen som skapar dei fleste problema her. Dette må vi ta fatt i til hausten og satse på forbetra utgåver til V06. Det er også i eitt av desse emna (vanligvis GEOF 110) at vi har ekstern sensur. I resten har vi intern. Vi har endå ikkje fått tilbakemeldingar som tyder på at dette har gått utover kor rettferdig og objektivt studentane blir bedømt, men det er heilt klart at intern sensur fører til ein god del meirarbeid for fleire i den vitskaplege staben. Noko som vil lette arbeidsbelastninga for enkelte er at det frå og med hausten 2005 er endra eksamensform i alle emne med skriftleg eksamen. Vi har no innført at dersom det blir færre enn 10 påmeldte til eksamen i emne med skriftleg eksamen, kan det bli munnleg eksamen. Med labkursa har vi store utfordringar i å erstatte gamalt og utrangert utstyr i tida som kjem. Dersom vi ikkje får dette til, er det ein reell fare for at vi ikkje kan gi dette tilbodet til studentane våre. Ei anna utfordring vi ser gjeld geofysikktilbodet til bachelorstudentane i 5. semester (h). Når dei kjem til dette semesteret har dei fleste studentane gjort unna dei nødvendige geofysikk, matematikk og fysikkemna for å få BSc-graden. Dei har difor stor valfridom i 5. og 6. semester og ønsker ofte å ta eit ekstrakurs eller to i geofysikk. Problemet med haustsemesteret er at vi ikkje underviser emne som desse studentane har bakgrunn for å ta, og dei blir såleis nødt for å ta andre emne. Vi bør difor sjå på om nokre av våremna våre kan flyttast til hausten. Til sist kan det nemnast at V05 var første semester undervisning i Operasjonell oseanografi blei tilbudt ved GFI (GEOF 231). Det var hyggeleg å registrere at vi fekk gode tilbakemeldingar frå studentane som deltok på emnet. Masterprogramma i geofysikk: Sensorordninga med 2 interne sensorar for mastereksamen har vist seg å vere arbeidskrevande. Det vil difor bli innført ei rullerande ordning for den eine interne sensoren. Innan fagretningane kjemisk oseanografi og klima har vi på det noverande tidspunktet få masterstudentar. Tiltak for å auke rekrutteringa vil bli tatt opp i Programstyret. Antal studentar ved GFI har hatt ein kraftig auke dei siste åra. Ved SO våren 2005 fekk 48 tilbod om studieplass på Bacheloprogrammet i meteorologi og oseanografi. Korleis vi skal handtere ein slik auke dersom alle fortset med masterstudiet, kan bli ei aktuell problemstilling. Å innføre eventuelle opptaksbegrensningar vil bli drøfta i Programstyret. I ein del masteremne er det få oppmeldte studentar. Programstyret vil ta ein gjennomgang av emneporteføljen og vurdere om enkelte emne skal gjerast om til seminar. GEOF 301 er eit ressurskrevande emne der vi bruker ein god del eksterne forelesarar. Det bør i framtida satsast meir på bruk av interne lærekrefter. I emne med feltarbeid har vi store utfordringar i å erstatte gamalt og utrangert utstyt i tida som kjem.