HIS250 - emnerapport 2005 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Studentane har hatt åtte tema å velja i. Tydelegvis har utvalet vore så stort at dei fleste har funne noko dei var interesserte i - 15 er godt nøgde og 9 middels.

Det praktiske metodeseminaret i starten av studiet er det sprikande oppfatningar av: 9 er godt nøgde med det, 3 middels og 6 lite, og 6 har ikkje svart.

Om dei regulære førelesingane er det meir unisont: Heile 19 av dei 24 gir dei toppkarakter. Studentane har ikkje hatt problem med at undervisninga også har vore retta mot 100-nivå. Rettleiinga under skrivinga av bachelor-oppgåva får også positiv tilbakemelding: 18 er godt nøgde, 4 middels, 1 lite og 1 svar manglar.

I fritekstsvara vert den positive vurderinga av førelesingane konkretisert. Det gjennomgåande er påpeiking av høgt fagleg nivå og fint samspel i dei tilfella der fleire lærarar var involvert. Tre røyster er negative: Oppstykking av stoffet og manglande raud tråd, lite engasjement, og manglande relevans for bacheloroppgåva.

Berre 6 av dei 24 opplyser at dei har delteke i frivillig gruppearbeid.


Oppgåverettleiinga

Kommentarane til rettleiinga er også stort sett positive, med vekt på at rettleiaren har vore tilgjengeleg og gjeve gode råd. Dei få som er kritiske, nemner ting som at rettleiaren har vore oppteken og vanskeleg å få i tale, eller at kommentarane har vore kortfatta og lite skjønlege.

16 av dei 24 svararane har planar om å gå vidare til mastergrad i historie. Mindre enn helvta av desse 16 ynskjer å halda fram med same tematikken som i HIS 250.


Strykprosent og frafall

0% frafall/stryk

Karakterfordeling

A: 14
B: 17
C: 9
D: 5
E: 0

Studieinformasjon og dokumentasjon

Historisk institutt informerer studentene gjennom i hovedsak tre kanaler: Vi har mye faglig informasjon på Kark (forelesningsnotater, ressurser, kilder etc). Studentene logger seg på Kark via Mi side, slik at vi (i den grad det er mulig) sikrer oss at studentene henter informasjon fra begge systemer. Mi side brukes lite til rent faglig informasjon, men studenter vil finne annen informasjon fra instituttet her. I tillegg utarbeider instituttet hver semester informasjonshefter hvor studentene finner det meste de trenger å vite om undervisningen og instituttet.

Tilgang til relevant litteratur

Studieplanen gir 250-studentane høve til å skifta ut delar av pensum for å tilpassa det ytterlegare til eigne interesser. 12 studentar seier dei har skifta ut mindre enn halvparten av det føreslegne pensumet, medan 11 har bytt ut meir enn halvparten.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

HIS250 er som tidligere nevnt 8 selvstendige tema, med 8 forelesningsrekker. Alle forlesningsrekken har blitt holdt på Sydneshaugen skole, og det har ikke vært meldt om problemer i forhold til utstyr. Fleire forelesarar ynskjer whiteboard-tavlar og tusj.

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evalueringsskjemaet med 15 spørsmål vart lagt ut på Kark den 27. april med svarfrist 12. mai. På dette tidspunktet var det 47 studentar på HIS 250. Dei fordelte seg på 8 ulike tema, med 3 studentar på kvart av temaene 1 og 2 som det minste, og 11 på tema 8 som det meste. 24 studentar hadde fylt ut skjemaet då fristen gjekk ut. Dette gir ein svarprosent på hårfint over 50. Blant svararane er det studentar frå samtlege åtte tema.

Oppsummering av innspill

Samla sett signaliserer studentane som negativt fylgjande ting: Litt for knapp rettleiing, vanskeleg tilgang til litteratur som må lånast på UB (studentane tevlar med kvarandre om dei same           eksemplara), og manglande regularitet i førelesingane. Sosial isolasjon vert også nemnt. Ein student ynskjer seg høgare faglege krav til oppgåva, td. arbeid med kjelder og ikkje berre med litteratur. På den positive sida nemner studentane den høge kvaliteten på undervisning, rettleiing, pedagogisk opplegg og generell arbeidsmåte.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Studentane gir ei så overveldande positiv tilbakemelding at HIS 250 må vurderast som ein fagleg og pedagogisk suksess. Lærarane har her ein sjanse til å tilby spesialitetane sine, på same tid som studentane er sikra valfridom og individuell tilpassing. Det viktigaste problemet synest å liggja i at studentane dannar små grupper og lett kan bli isolerte blant dei meir talrike studentane på 100-nivå, som fylgjer same undervisninga. Det er altså viktig å bruka det spesifikke for HIS 250, nemleg oppgåveskrivinga og rettleiinga, til å fylgja opp studentane einskildvis og dra dei saman i små men tette fellesskap. Fokus på dette vil vera den største forbetringa instituttet kan tilføra dette undervisningstilbodet.