TYS111 - emnerapport 2005 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Undervisninga omfatta forelesingar, seminar og gruppeundervisning. Eksamen i emnet var ei mappe med 5 oppgåver skrevne gjennom semesteret og ei munnleg prøve. Kurset var todelt, fyrste del i Bergen, andre del (medio april-mai) i Kiel (med ein utsending frå Bergen og elles lærekrefter frå Kiel). Det er ikkje meldt om særlege problem i samband med den praktiske gjennomføringa.

Strykprosent og frafall

Av 34 oppmeldte tok 23 eksamen; alle besto. Grunnen til det er å finne i ordninga med obligatoriske oppgåver som del av eksamen som gjer at ein del sluttar i løpet av semesteret når dei ikkje får levert oppgåvene.

Karakterfordeling

A: 1 B: 5 C: 9 D: 7 E: 1  Snittkarakter: C
Grei karakterfordering, litt for mange D'ar.

Studieinformasjon og dokumentasjon

I tilbakemeldingane går det fram at 81% av studentane synest undervisninga har vore god og engasjerande. Ein ser òg at informasjonen om emnet ikkje har vore god nok.

Tilgang til relevant litteratur

Det er berre ei pensumbok på dette emnet (lett tilgjengeleg på STUDIA), resten av pensum er handouts/kompendium frå førelesarane.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Alt OK

Andre forhold

--

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

--

Oppsummering av innspill

Det mest negative er knytt til informasjonen om emnet. Dessutan er berre halvparten av studentane "delvis einige" i påstanden "Pensum har være engasjerende og interessant".

Ev. underveistiltak

--

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

God gjennomføring av kurset. Det skal bli jobba med informasjonen om emnet og elles vurdering av det som fekk negativ omtale i studentevalueringa.