GEOF212 - emnerapport 2005 vår

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

Gjennomføringa av kurset gjekk greitt og som planlagt. 

Strykprosent og frafall

Eksamen vart halde tysdag 7. juni.  18 studentar var oppmeldt til eksamen, og 15 studentar gjekk opp til eksamen. Alle fekk ståkarakterar, dvs at strykprosenten vart 0%. Generelt var oppmøtet gjennom semesteret bra, og det var lite fråfall. To eller tre Erasmus-studentar gav seg etter dei første par førelesningane, og i tillegg var det ein frå eit anna institutt som gav seg omtrent halvvegs med kommentaren at ”kurset var for matematisk”. Kandidaten hadde ikkje den anbefalte bakgrunnen.

Karakterfordeling

Karakterfordelinga var slik:
A 2, B 6, C 4, D 1, E 2. Snittkarakter: C.

Studieinformasjon og dokumentasjon

Studentane fekk det meste av informasjonen på førelesningane, men pensum og eindel anna informasjon vart lagt ut på Web-sidene til kurset. 

Tilgang til relevant litteratur

God.

Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Forelesninger gjekk i førelesningssalen i midtbygningen ved Geofysisk Institutt. Både videokanon og tavlebruk fungerte tilfredsstillande. 

Andre forhold

Det spesielle med dette kurset var den sterke internasjonale representasjonen, der 12 av 18 studentar som fylgde kurset var frå utlandet. Generelt var studentane godt motiverte og det var ein brukbar dialog mellom forelesar og studentar. 

Eit par veker før eksamen la studentane fram resultat av ei semesteroppgåve knytta til klimaforsking. Her gjorde studentane generelt ein svært god jobb, og både dei skriftlege rapportane og framlegging av resultat var av høg kvalitet. Karakterane på semesteroppgåvene var AAAABBBBBBBBBCD, dvs at det var liten fordeling med tyngdepunkt på B. Karakteren på semesteroppgåva fekk relativt lite å seia for sluttkarakteren, men i 3-4 tilfelle der kandidatane låg og vippa mellom to karakterar gjorde det utslag. 

Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Eit evalueringsskjema blei delt ut på siste forelesning. 5 studentar leverte utfyllt skjema.

Oppsummering av innspill

Ingen merknader.

Ev. underveistiltak

Ingen

Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Kurset gjekk greitt og det er vanskeleg å sjå store forbetringspotensial i forelesingane. Det einaste må vera gjennomføringa og bruken av semesteroppgåver. Denne gong fekk studentane fritt gruppere seg slik at i enkelte grupper fanst det heilt tydeleg ”gratispassasjerar”. Andre arbeidde åleine og hadde dermed mykje større arbeidsbyrde. 

Vidare tok framlegginga av oppgåvene lang tid (4 førelesningstimar totalt), og den halvdelen som ikkje skulle leggja fram hadde ein tendens til å ikkje møte til desse timane. Til neste år bør tidsforbruket innskjerpast (til dømes max 10 minutt / 4 lysark på kvar student), slik at alle kan tas på ein dag (evt utvida til tre timar). 

På forelesingane vart det nytta delvis videokanon og delvis tavle, noko som fungerte tilfredsstillande. For mykje bruk av videokanon / powerpoint kan verka trøyttande for auge og sløvande for sinn, så alt som bryter opp i ei monoton forelesingsform er av det gode.