Mat.inst - instituttrapport 2004 høst

Instituttsledelsens vurderinger

Praktisk gjennomføring

Det praktiske rundt gjennomføringa av undervisninga hausten 2004 gjekk stort sett rimeleg greitt. Det var nokre problem ved semesterstart då det synte seg at studenttalet i tre av kursa våre var vesentlege høgare enn det vi hadde forventa, noko som medførte ein del logistikkproblem med omsyn på oppretting av nye grupper. 

I førekant av undervegsvurderingar og før eksamen vart det i mange av kursa på lågare grad arrangert eit orakeltilbod. For MAT101 og MAT111 var det faste orakeltimar gjennom heile semesteret. Orakeltilbodet vart stort sett brukt ganske flittig av ein del studentar, spesielt før eksamen. Orakelordninga avslører elles at ein del studentar kjem for seint i gong med studiet sitt, og at det kjem mange nye studentar til oss som har store manglar i heilt grunnleggande matematiske forkunnskapar. Dette vert vonleg betre når opptakskrava trer i kraft frå og med hausten 2005. 

Om eksamensavviklinga: Rutinane rundt dei kursansvarlege sine tidsfristar for innsending av eksamensoppgåvetekster og sensur av studentane sine eksamensoppgåvesvar ser no ut til å vere godt innarbeida, og dei vert stort sett fylgd utan at det er nødvendig å sende purringar.

Strykprosent og frafall

Totalt var det 1384 eksamensmeldingar i ulike kurs ved Matematisk institutt. Desse fordelte seg som følgjer: 672 til kurs med koder MAT1XY, 277 i kurs med koder MAT2XY og MAT3XY, 255 i kurs med koder STAT1XY, 25 i kurs med koder STAT2XY og STAT3XY, i tillegg var det 155 oppmelde i kurs med andre kurskoder (MNF140 + ein del spesialpensumskurs for mastergradsstudentar).

Av dei 1384 var det 47 som ikkje fekk gå opp til eksamen på grunn manglande obligatoriske krav. Det var 286 som ikkje møtte til eksamen, 18 som trakk seg før eksamen og 14 som hadde legeattest. 21 trakk seg undervegs, så totalt 998 eksamenssvar vart levert inn. Av desse 998 var det 183 som strauk, ein strykprosent på 18,3.

Vår strykprosent er ein god del høgare enn det som er tilfelle når vi ser på alle andre kurs ved andre institutt ved fakultetet; der er strykprosenten 8,9 prosent (talmaterialet er som følgjer: 4186 eksamensmeldingar, 3331 leverte inn eitt eksamenssvar, 295 strauk). 

Denne skilnaden i strykprosent meiner vi kan ha samanheng med at det i talmaterialet vårt ligg inne to store innføringskurs som alle nye studentar må ta. Dei aller fleste av studentane som stryk er på eit av desse to kursa. I tillegg kan det og ha noko å seie at dei fleste av eksamenane ved dei andre institutta er tatt av studentar som har minst eit års studieerfaring med seg, og vidare at det i større grad er krav om godkjente obligatoriske oppgåver før studentane får gå opp til eksamen.

Strykprosenten for våre kurs blir trekt opp ein del på grunn av at mange studentar som følgjer MAT101 og MAT111 dessverre har store hull i sine matematiske forkunnskapar. 

Karakterfordeling

For kursa på lågare grad var karakterfordelinga nær opp til normalfordelinga. For dei meir avanserte kursa var fordelinga litt meir topptung. Sidan studentane på dei avanserte kursa i all hovudsak har spesiell interesse for matematikk og sidan karaktergjevinga vert gitt med utgangspunkt i studentane sine prestasjonar (og ikkje med omsyn på å få ei normalfordeling), så er ikkje dette overraskande. 
Av dei 815 som stod på eksamenar gitt av Matematisk institutt vart fordelinga som følgjer: 86 A’ar (10,6%), 169 B’ar (20,7%), 232 C’ar (28,5%), 146 D’ar (17,9%) og 67 E’ar (8,2%). 
Snittkarakter for kurs på lågare grad = C, 
snittkarakter for kurs på høgare grad = C, 
snittkarakter for alle kursa = C.

Ressurstilgang

Stort sett tilfredsstillande. 

Kommentar til studentevalueringene

I tillegg til dei to store innføringsemna (MAT101 og MAT111) som vi evaluerar kvar einaste haust, blei også kursa MAT212, MAT221, MAT231, MAT236, MNF140, STAT101 og STAT110 evaluert.

Evalueringane blei gjort ved hjelp av nettbaserte spørjeskjema som studentane fekk informasjon om via meldingstenesta og e-postsystemet som ligg i kurssidene på studentportalen.

Det var for kvart kurs to skjema, eitt for dei som følgjer undervisninga og eitt for dei som av ulike grunner ikkje vil/kan følgje undervisninga.

Svarprosenten for dei som fylgde undervisninga var ganske god, opp til 65-70 prosent av dei som gjekk på førelesningane i MAT101 og MAT111 svarde. Svarprosenten låg rundt 50 prosent for dei andre kursa. Tilbakemeldingane syner at dei studentane som hadde svart på skjemaa våre i all hovudsak fann seg godt til rette med livet som student, og at dei for det meste var godt nøgd med studietilbodet hjå oss. Evalueringane tilseier at det bør gjerast ei vurdering av lærebøkene i eit par av kursa våre.

Det var ikkje så mange som svarde på dei skjemaa som var for dei som ikkje fylgde undervisninga; dei fleste grunngav det manglande frammøtet med at dei av ymse grunnar ikkje hadde høve til å delta på undervisninga (jobb, henting i barnehage, kollisjon med undervisning i andre kurs).

Studieinformasjon og dokumentasjon

Tilfredsstillande. 
Førebelse pensumlister for haustsemesteret var på plass i mai. 
Studieinformasjon vart gjennom semesteret gitt gjennom førelesingar, oppslag og via kurssidene på studentportalen. 
Dokumentasjon av gjennomføringa vert gitt i alle kursansvarlege sine kursrapportar, dei eksterne sensorane sine sensorrapportar gir innblikk i praksisen omkring sensuren, og studentevalueringar og tilbakemeldingar frå gruppeleiarane gir oss ein god indikasjon om korleis studentane har opplevd kurstilbodet.

Tilgang til relevant litteratur

Tilfredsstillande. 
Studia hadde på plass tilstrekkeleg mengder med pensumbøker ved semesterstart.

Instituttsledelsens samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Opplegget fungerer i det store og heile tilfredsstillande. 

Det bør vurderast om det i enkelte kurs kan vere gunstig å skifte lærebøker. 

Det kan vidare vere ønskeleg at det snart vert tatt ein gjennomgang av instituttet sin kursportefølje, sidan vi no har fått nokre semesters erfaring etter den store reformomlegginga og derfor betre kan sjå om det er justeringar i kurstilbod og kursinnhald som kan gi eit betre tilbod til studentane. 

Av omsyn til at instituttet for tida har ei stor utskifting innan dei vitskaplege stillingane kan det vere ein ide å lage kokebøker som gir dei kursansvarlege basisinformasjon om kva praktiske detaljar som må vere på plass før, under og etter undervisninga av eit kurs.

Det bør elles tenkjast gjennom kva grep som kan gjerast for å få førstesemesterstudentane til å innarbeide ein studieteknikk eigna for eit matematikk-/realfagsstudium. Ut frå studentane sine eksamenssvar er det vidare tydeleg at mange studentar ikkje klarer å formulere løysinga på matematiske problem på ein gangbar måte. Det kan derfor vere ønskeleg med innleveringsoppgåver der det vert gitt tilbakemeldingar på det føringsmessige.