MAHF-HIS - studieprogramrapport 2006 høst

Studieprogramleders vurderinger

Praktisk gjennomføring

Kvalitetsreformen har ikkje korta ned det tidlegare hovudfagsstudiet. Det er framleis på fire semester, sjølv om studiet har endra namn. Men no er dei to første semestera organiserte som ein kursdel der halvparten av tida blir brukt på oppgåva, halvparten på emne som i større eller mindre grad har relevans for henne. Dei to siste semestera dannar skrivedelen. Kvar student er knytt til masterseminar som er avgrensa etter periode (særleg eldre historie) eller forskingstema (nyare historie). Seminara arbeider først og fremst med manusutkast frå studentane. Meininga er at alle studentane regelmessig skal leggja fram stoff , men dei skal også ta ansvar for medstudentane ved å møta og diskutera det dei skriv. Faglærarane deltek på line med studentane. Seminara utfyller og avlastar den personlege rettleiinga, som likevel framleis eksisterer.


Strykprosent og frafall



Karakterfordeling



Ressurstilgang



Kommentar til studentevalueringene

Sidan masterstudiet er så nytt, og eventuelle problemfelt enno er vage, har spørsmåla i evalueringa blitt forma  meir med tanke på oppdaging enn på utforsking. 
	Den konkrete gjennomføringa skjedde ved at skjemaene vart utdelte, utfylte og samla inn att på kvart av masterseminara i slutten av oktober 2006. Ideelt sett skulle vi då ha nådd alle dei ca. 125 masterstudentane i historie. Men berre 76 møtte på seminara og leverte skjema. Her er allereie den første svikten i nyordninga komen for dagen: Studentane skulkar seminara. Vi har all grunn til å tru at problemstudentane skjuler seg blant dei ca. 50 som ikkje viste seg. Evalueringa vil dermed gi eit for rosenraudt bilete av tilstanden.
	For framtida kunne ein bøta på dette problemet ved rett og slett å gjera evalueringa obligatorisk og kontraktfesta. Då kunne ein også bruka posten til dette arbeidet i staden for seminara.

Om masterstudiet i stort
Av dei 76 svarande studentane sa 26 at dei var svært godt nøgde med studiet. 48 var godt nøgde, og berre 2 sa at dei var mindre godt nøgde.
	28 av 40 studentar i første og andre semester meinte at det skulle gå an å gjennomføra masterstudiet på dei normerte fire semestera, medan 12 var usikre. I skrivedelen (tredje og fjerde semester) var andelen usikre større. Vi kan faktisk ana ein viss redsel for at tida er knapp, for i kursdelen brukar studentane meir tid på dei oppgåverelaterte emna HIS 301 og HIS 303 enn på ”støtteemna”, og i det samla studieløpet gir dei oppgåvearbeidet meir enn dei 75 prosent som studieplanen legg opp til.


Masterseminara
Dei som går på seminara, er trufaste: Av dei 76 seier 38 at dei går på alle, og ytterlegare 31 at dei går på over halvparten. Dette betyr då at dei kring 50 som vi ikkje har nådd tak i, også må vera ganske konsekvente i å halda seg borte. Resultatet er ganske likt det vi har funne på oversiktsemna på 100-nivå: Studentmassen er ganske skarpt delt mellom dei som deltek i undervisninga og dei som ikkje gjer det. Resultatet er urovekkjande.
	Fleirtalet av studentane har 1-3 innlegg per semester. Dei seier at det faglege utbyttet dei har av å lytta på innspel frå medstudentar, er middels. Utbyttet av kommentarar frå faglærarane blir derimot unisont kalla stort.


Rettleiinga
59 av dei 79 svararane seier at dei har 2-4 samtalar med rettleiaren sin i løpet av eit semester. 67 av 76 meiner at dei får den rettleiingsmengda dei har bruk for, anten dette måtte vera mykje eller lite. 65 av 76 gir kvaliteten på rettleiinga toppkarakter. Endeleg meiner 54 av 76 at tilgjenget til rettleiaren er lett, dvs. at dei får hjelp når dei treng det. Samla sett er dette ei veldig god tilbakemelding til faglærarane.


Arbeidssituasjonen
Spørsmål om arbeidsinnsats målt i timar er ikkje lett å stilla kort og presist, og kanskje reknar ikkje studentane sjølve så nøye på det heller. Men det kan sjå ut som om normalarbeidsdagen i gjennomsnitt er på 5-6 timar.
	Dette resultatet kan ein sjå i forhold til at 43 studentar, over halvparten, har arbeid i tillegg til studiet. 27 av desse arbeider under 20 timar veka, men det er faktisk heile 10 som jobbar 30 timar og over. 
	Når dei studerer, oppgir dei fleste at dei har ein lesesal som fast arbeidsplass. Kring ein fjerdepart av masterstudentane har valt å arbeida heime. Av dei 76 svararane er det 72 som har eigen PC, og 62 har også internettilgang heime.
	Om det sosiale miljøet seier 32 at det er godt, 32 at det er middels, og 11 at det er dårleg.

Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Studieprogramleders samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer

Det mest positive resultatet av evalueringa er den svært gode omtalen undervisninga til faglærarane får, det vere seg på masterseminara eller i den individuelle rettleiinga. Det negative blir det derfor studentane sjølve som må ta ansvaret for. Dei lever ikkje opp til intensjonen om å delta på seminara, og dette gjeld over ein tredjepart av dei registrerte studentane. Dei som møter, satsar heller ikkje heilhjarta på ein innsats til beste for medstudentane. Endeleg synest mange av studentane å vera uinteresserte i ”heiltidsstudenten”. Studiet får sin avmålte plass i kvardagen deira, men ved sida av jobbing og dyrking av andre sider ved livet.