BAMN-GEOF - studieprogramrapport 2004 høst

Studieprogramleders vurderinger

Praktisk gjennomføring

Det praktiske kring gjennomføringa av undervisninga hausten 2004 blei gjennomført utan større problem.

Strykprosent og frafall

Totalt var det 121 eksamensmeldingar i emne ved Geofysisk institutt hausten 2004. Desse fordelte seg som følgjer: 63 i emne med koder GEOF 1XY, 12 i emne med koder GEOF 2XY og 46 i emne med koder GEOF 3XY. Av dei 121 var det 39 som ikkje møtte til eksamen. Av dei 74 som møtte til eksamen, strauk 8.

Karakterfordeling

Av dei 74 som bestod eksamen blei karakterfordelinga slik: 16 A'ar, 27 B'ar, 19 C'ar, 6 D'ar og 6 E'ar.

Ressurstilgang

Undervisninga ved GFI er stort sett lite ressurskrevande. Gjennomføringa av dei fleste emna krev berre forelesar, rom og standarduststyr. Likevel inneheld eit fåtal av emna lab-undervisning, undervisningstokt og feltopplæring i meteorologi. Lab.undervisninga lider av at vi har gamalt og utrangert utstyr. Dersom det ikkje blir gjort nyinnvesteringar her snarast, er det ein reell fare for at vi snart må avvikle dette tilbodet. Den noverande bemanninga er redusert pga sjukdom og avgang. Dette har ført til litt for stor belastning på delar av den vitskaplege staben - sjølv med innleigde krefter. Med dei planlagde nytilsettingane komande semester blir bemanningssituasjonen ok for vår emneportefølje.

Kommentar til studentevalueringene

Ingen undervisningsevalueringar blei gjennomført hausten 2004.

Studieinformasjon og dokumentasjon



Tilgang til relevant litteratur



Studieprogramleders samlede vurderinger,
inkl. forslag til forbedringer