SOS302 - emnerapport 2006 høst

Faglærers vurdering av gjennomføring

Praktisk gjennomføring

1.1.	Forelesingane, seminardelen og oppgåveskrivinga gjekk etter planen. Emneansvarleg haldt 4 forelesingar og leia seminaret 2 gonger i samanheng med drøftinga av innleveringsoppgåvene. Elles haldt mange stabsmedlemmar forelesingar innanfor sine spesialområde.  Ein del studentar har ytra misnøye med ordninga med masterkopiar. Det er liten tvil om at neste gong bør pensum vera tilgjengeleg som bøker, artiklar utlagt i Studentportalen, eller artiklar/kapittel i eit kompendium. Øvingsoppgåvene vart skrivne i grupper, 3-5 studentar i kvar gruppe, og deretter vart tekstane drøfta på seminaret, men noen studentar kunne tenkja seg skriftleg tilbakemelding. 

Strykprosent og frafall

Det var 32 oppmelde til eksamen. 2 av desse trekte seg før eksamen, ingen strauk, altså 30 studentar fekk ståkarakter

Karakterfordeling

1 student fekk E, 4 studentar fekk D, 15 fekk C, 9 fekk B og 1fekk A. Gjennomsnittskarakteren er C.

Studieinformasjon og dokumentasjon

All informasjon ble offentliggjort på MiSide i Studentportalen (pensumliste, forelesingsplan, forelesingsnota.

Tilgang til relevant litteratur



Faglærers vurdering av rammevilkårene

Lokaler og undervisningsutstyr

Alle seminara blei haldne på seminarrommet i Rosenbergsgt.39

Andre forhold



Faglærers kommentar til student-evalueringen(e)

Metode - gjennomføring

Evalueringsskjemaet ble levert til studentane sisten gongen, og vi fekk in 19 svar. Det var ein viss avskalling den siste gonga pga. ein kollisjon med eit anna tiltak, så talet på svar kunne ha vore noe høgare. Det er difor vanskeleg å seia noko om desse svara er representative for dei ca. 30 som deltok på seminaret.
Det var klart flest jenter på kurset. Av alle studentane var dei fleste mellom 22 og 25 år. Mange tek dette kurset i 1. semesteret av masterstudiet. 

Oppsummering av innspill

Det synest som dei fleste er fornøydde med kurset (15 stk), men det er også noen få som seier dei er svært lite tilfredse med kurset (2 stk). Dei aller fleste var rimeleg godt fornøydde med forelesingane, og dei synest også desse var viktige for å gjera framgong i faget. Mange synest det var for mykje på pensumlista innanfor rammene til 10 studiepoeng.

Ev. underveistiltak



Faglærers samlede vurdering,
inkl. forslag til forbedringstiltak

Utfordringa for dette kurset er å kombinera den faglege autonomien til den enkelte med ein felles raud tråd. Slik som kurset er no er samanbindinga for dårleg. Eg vil også direkte råda til å fjerna bokkapittelet til Jeffrey Alexander, og finna fram til ein annan oversikt over slike vitskapsteoretiske problemstillingar. Det er også eit spørsmål om vi treng ei oversiktsbok, slik som Scott. Neste gong må det bli ein betre mal for utveljing av pensumlitteratur til den enkelte forelesing. Det er også mitt  inntrykk at dei fleste spesialforelesingane var noko ambisiøse med omsyn til kor mykje som er mogleg å formidla på ei gong.